(Alternativ ingress: Etter å ha jobba med digital kommunikasjon i godt over eit kvart århundre, har eg sett eit tydelig mønster der nettsider blir redesigna kvar 3.-5. år - utan reell effekt.)

(Alternativ ingress 2: Her er den triste historia om (nesten) alle redesign av større nettstader og intranett eg har vore med på dei siste 25 åra:)

Nettstedskart for ein typisk nettstad. Ein eller annan stad, djupt nede i strukturen, finnes den faktiske sida som brukaren leiter etter.

Vanlegvis oppstår behovet for eit redesign når organisasjonen sine klagar over nettsidene bikkar over i det uuthaldelege.

Brukarane finn ikkje fram på nettstaden. Kundeservice blir nedringt av frustrerte kundar. Produktsjefane fortviler over ingen forstår produkta.

Så, omsider, finn leiinga ut at noko må gjerast.

Den gamle nettstaden er utdatert!

Kall inn eit fancy byrå, og la dei redesigne nettsidene slik at dei blir meir brukarvennlege!

1: Start med å diskutere forsida

Dei fleste redesignprosjekt for nettsider og intranett startar med at ein diskuterer innhald, knappar, fargar og bilder på forsida.

Så fort det digitale byrået har vist fram den første designskissa, begynner heile organisasjonen å ha meiningar om kva som må være på forsida: